Etne Elektrisitetslag Nyvoll, 5590 Etne

Vedtekter for Etne Elektrisitetslag

VEDTEKTER FOR ETNE ELEKTRISITETSLAG BA

§1
Etne Elektrisitetslag BA er eit allmennyttig partlag med skiftande medlemstal og kapital, og med avgrensa ansvar. ( Laget vert i dei etterfølgande bestemmelser benevnt EE )


§2
Føremål
Laget sitt føremål er:
-- å eige og drive overførings- og fordelingsanlegg, overføre og utveksle energi.
-- å omsetja energi.
-- å delta i eller å samarbeida med andre verksemder med same eller liknande føremål.
-- å driva anna verksemd som naturleg har tilknyting til laget sine føremål eller utnytting 
   av laget sine ressursar.
-- å produsera energi.
-- å stimulera til gjennomføring av ENØK- tiltak.
-- å driva laget på best mulig måte i høve til indre-  og ytre miljø.


§3
Forretningsstad

Forretningskontoret er ved Etnesjøen i Etne Kommune.


§4
Partsmedel og medlemsskap

Berre abonnentar som er knytta til EE sitt kraftnett er partseigar i laget. Partane skal lyda på namn. Kvar part er på kr. 1.000,- eit tusen. Ved skifte av eigar til eigedomar, blir den nye eigar automatisk medlem i laget, og tidlegare eigar utgårt som medlem. Medlemskap kan ikkje på annan måte overdragast. Ingen medlem har meir enn ei røst, og ingen er ansvarleg for meir enn innbetalt medlemsinnskot.

Eigarar av fritidshus er ikkje medlem av laget.

Nye medlemmer som oppfyller vilkåra i fyrste ledd, og der tilknytningen skjer i samsvar med lov og forskrifter etter EE sine tilknytningsvilkår, samt tek på seg rettar og plikter etter desse utan særskilt underskrift, vert å rekna som medlem.

Ingen som teiknar og betalar inn medlemsinnskot har høve til å krevja innskotet utbetalt att.


§5
Styret

EE vert leia av eit styre på 7 medlemmer med personlege varamedlemmer, 6 vert valde av representantskapet og for 2 år om gongen, men likevel slik at 3 og 3 går ut annakvar år.
Ein vert vald av og blant dei tilsette. Representantskapet vel mellom styremedlemmene styreleiar ved særskilt val for to år om gongen. Styret avgjer sjølv for eit år om gongen kven av styremedlemmene som skal vera nestleiar.

Kvart medlem pliktar å ta mot val. Dei styremedlemmene som går ut, kan nekta attval i like lang tid som dei sist har gjort tjeneste.

Elverksjefen gjer normalt tilråding i dei saker som skal handsamast av styret og har talerett men ikkje røysterett i styret sine møter. Elverksjefen kan krevja si meining i ei sak protokollert.


§6
Styret sine gjeremål

Forvaltinga av verksemnda høyrer under styret, som skal syta for tilfredstillande organisering av verksemda.

Styreleiaren kallar inn til styremøte så ofte han finn det turvande, eller når elverksjefen eller tre andre styremedlemmer krev det. Innkallinga skal så langt råd er nemna dei saker som skal førehavast på møtet.

Styret er vedtaksført når 4 medlemmer møter, leiar eller nestleiar må vera til stades, og leia møtet. I tilfelle likt røystetal er møteleiaren si røyst avgjerande.

a. styret leier EE i samsvar med vedtekter og
vedtak på representantskapsmøtet.

b. kvart år innan utgangen av april leggja fram revidert rekneskap og årsoversyn for siste kalenderår til ettersyn for representantane. rekneskapen følgjer kalenderåret.

c. etter tilråding frå elverksjefen vedta budsjett for komande år.

d. etter tilråding frå elverksjefen ta avgjerd om større utbyggjingar av leidningsnettet.

e. etter tilråding frå elverksjefen fastsetja straum- og overføringstariffar og vilkår for straum- og overføringskunder.

f. etter tilråding frå elverksjefen gjera vedtak om kraftkjøp.

g. gjera tilråding om å ta opp nye lån som krev pantsetjing av EE sine eignelutar.

h. tilsetja, suspendera eller avsetja elverksjefen, og fastsetja løn, arbeidsvilkår og instruks for denne.

i. etter tilråding frå elverksjefen tilsetja eller avsetja andre tilsette i EE, fastsetja løn og andre arbeidsvilkår for dei og utferda
instruks.


§7
Styremøter

Styret skal føra møtebok med oppgåve over tid og stad for møtet, om møtet er lovleg innkalla,kven som deltek, dei saker som vert førehavde, tilråding frå elverksjefen i dei einskilde sakene og vedtak og røystetal i kvar sak. Dissensar kan krevjast innførde. Etter kvart møte skal utskrift av møtebok sendast alle styremedlemmer og møtande varamedlemmer. Møteboka vert tilgjengeleg for representantskapsmøtet.

Leiaren i styret saman med elverksjefen bind EE med underskriftene sine. Styret kan gje prokura


§8
Dagleg leiar

Ein elverksjef står føre EE sine daglege gjeremål etter fastsett instruks, godkjent av Norges Vassdrags- og Energiverk og etter det regelverk og dei vedtak som er gjort i styret og representantskapet. Elverksjefen gjer normalt tilråding i dei sakene som skal handsamast av styret, har talerett men ikkje røysterett i styrets og representanskapets møter.


§9
Valmøte

Innan utgangen av mars kallar leiar i representantskapet medlemene i laget inn til valmøte med minst åtte dagers varsel. Valmøtet vert leia av leiar i representantskapet. På valmøtet skal det gjevast orientering om rekneskap og drift, samt framtidige planer. Alle saker på valmøta vert avgjort med simpelt fleirtal.

Det skal røystast ved personlig frammøte eller ved fullmektig med skriftlig og datert fullmakt. Ingen av dei frammøtte har meir enn ei røyst. Ved fleire framlegg skal røystinga gå føre seg skriftleg. Leiaren i representantskapet syt for at dei valde representantane får skriftleg melding om valet.

Valmøtet skal:

• Velje 17 medlemmer med personlege varamedlemmer til representantskapet for to år.

Represantantane skal delast mellom områda:

Nordstranda 1 repr.
Enge 5 "
Grønstad 1 "
Håland 1 "
Frette 2 "
Kyrping 1 "
Sande 1 "
Rygg 3 "
Sørstranda 2 "

• Velje ei valnemd beståande av 5 medlemer som skal delast mellom områda:

Enge 1 repr.
Stordalen-Kyrping-Håland 1 repr.
Sørstranda-Norstranda 1 repr.
Rygg 1 repr.
Grønstad-Sande 1 repr.

• Føre protokoll over val og forhandlingar som skal sendast representantskapet.
• Møteboka skal godkjennast og vert underskriven av møteleiaren og to andre møtedeltakerar som vert valde på møtet


§10
Representantskapet

Vanleg representanskapsmøte(årsmøte) vert halde kvart år innan utgangen av april. Omframt representantskapsmøte vert halde når styret finn det turvande, eller når halvparten av representantskapsmedlemmene krev dette. Kravet skal setjast fram skriftleg og nemna dei saker som vert kravd lagt fram for representantskapsmøtet.

Representantskapet sin leiar kallar inn til vanleg eller omframt møte ved brev til representanskapsmedlemmene minst 8 dagar før møtet med kunngjering av alle saker som skal førehavast.


§11
Representantskapet sine gjeremål

a. Representantskapet skal sjå til at føremålet med EE vert fremja i samsvar med 
    vedtekter, kontraktar og vedtak.
b. Representantskapet vel sjølv leiar og nestleiar 1 år om gongen.
c. Gjennomgå og eventuelt godkjenna styret si årsmelding.
d. Gjennomgå rekneskap og eventuelt godkjenna denne.
e. Fastsetja styret si godtgjersle.
f.  Etter framlegg frå styret gjera vedtak om korleis overskotet på drifta skal nyttast.
g. Etter tilråding frå styret gjera vedtak om å ta opp nye lån som krev pantsetjing av EE
    sine eignelutar.
h. Etter tilråding frå styret gjera vedtak om og setja i gang ekstraordinære store
    utbyggingar.
i. Velja styreleiar og styremedlemmer med varamedlemmer, sjå §5 om talet på
   styremedlemmer.
j. Tilsetja revisor og fastsetja godtgjersle og instruks for revisoren.
k. Gjera vedtak i andre saker som styret måtte leggja fram på representanskapsmøtet.
    Framlegg fra andre enn styret må koma til styret før 1. mars for å verta førehava på det 
    vanlege representantskapsmøtet.
l. Årsmøtet vel ei nemnd på 3 personar som i god tid før årsmøtet kjem med forslag til
   kandidatar til dei ymse verv. Forslaget til valnemnda vert gjort kjend for 
   representantskapsmedlemmene saman med innkallinga til årsmøtet.
m. Styret og elverksjefen tek del i årsmøtet med talerett, men utan røysterett.

§12
Gjennomføring av representantskapsmøtet

Årsmøtet vert leia av representantskapsleiaren. I tilfelle forfall leier nestleiaren møtet.
Representantskapet er vedtaksført når minst 2/3 av medlemmene er til stades. Møter ikkje 2/3 av medlemmene kan saka avgjerast i nytt møte, kunngjort på lovleg måte og då med vanleg fleirtal av dei som møter. I høve likt røystetal avgjer leiaren si røyst saka, så nær som ved val der ein nyttar lutdragning. Kvar representant har ei røyst.

Representantskapet fører møtebok over førehavingane sine, møteboka skal lesast opp og godkjennast. Møtedeltakarane skriv under protokollen.

Meiner mindretalet at vedtak strir mot føremålsparagrafen, kan det anka vedtaket inn for Norges Vassdrags- og Energiverk.

§13
Revisor skal:

I samsvar med god revisjonsskikk, granska årsoppgjer, rekneskap og kontrollera EE si stoda til ein kvar tid. Revisor skal føra protokoll, som skal leggjast fram på representantskapsmøtet


§14
Endring i vedtektene

Endring i desse vedtektene kan berre gjerast i representantskapsmøte der minst 2/3 av representantskapsmedlemmene er til stades og med 2/3 fleirtal. Framlegg om endring i vedtektene må styret kunngjera 1 månad før saka vert førehavd i representantskapsmøtet. Kjem framlegget frå andre enn styret, må dette sendast styret innan 1. februar slik at styret kan få sendt med tilråding i saka.

Er ikkje representantskapsmøtet vedtaksført, kan etterfølgjande representantskapsmøtet vedta framlegget med 2/3 av dei møtande røyster.

Ikkje noko vedtak må vera i strid med Olje og Energidepartementet og Norges Vassdrags- og Energiverk sine vilkår i energilova.


§15
Oppløysing av EE

a. Framlegg om å løysa opp EE må styret kunngjera 1 månad før saka skal på
    representantskapsmøtet. Kjem framlegget frå andre enn styret, må dette verta sendt til
    styre innan 1. februar slik at styret kan få sendt si tilråding i saka.
b. For at møtet skal vera vedtaksført, må 2/3 av representantskapsmedlemmene vera
    representert, og oppløysninga av EE må verta vedteke med 2/3 fleirtal av dei avgjevne
    røystene.
c. Det same gjeld for fusjon/samanslutningar med andre kraft-/energiverk.
d. Vedtaket må godkjennast av Kommunal- og arbeidsdepartementet.
e. Oppløysinga er endeleg først 2 år etter vedtaket, mens fusjon/ samanslutning kan skje
    omgåande.

I tilfelle det vert vedteke å løysa opp laget, vert all lagseige å selja på best mogeleg vis. Overskotet skal stillast til disposisjon for Etne Kommune til å styrkja kraftoverføring/- utbyggjing i det som var EE sitt konsesjonsområde.


§16
Tenestetid

Tenestetida i eit tillitsverv er maksimum 12 år samanhengande. Dersom type verv endra seg, kan tenestetida samanhengande vere 20 år (til dømes når eit styremedlem overtar leiarvervet). Dette gjeld både for valnemd, styremedlemmer og representantskaps- medlemmer.