FORSIDEN
Velkommen til Etne Elektrisitetslag
Etne Elektrisitetslag er eit kraftlag med skiftande medlemstall og kapital, og har kontor på Nyvoll i Etne sentrum. Du finner oss her. Hovudoppgåva til Etne Elektrisitetslag er kraftomsetning og drifting av strømnettet.Kort historie
Etter at nemnda som arbeidde med stiftinga av Etne Elektrisitetslag hadde fått tilstrekkeleg andelshavarar og drøfta med Haugesund Elektrisitets Verk (HEV) at Etne kommune skulle få inntil 300 kilowatt elektrisk straum, blei Etne Elektrisitetslag stifta 3. November, 1932
Det skulle byggast ei kraftline frå Litledalen til Etnesjøen med avgreining frå Likskar til Silde og Stødle. Ei tingingsliste frå 1932 syner at 99 husstandar tinga tilsaman 42,1 kilowatt. Dette gir mindre enn ein halv kilowatt i snitt, med 2000 watt som høgast og 150 watt som lågaste uttak.

