Etne Elektrisitetslag Nyvoll, 5590 Etne

Breiband

Etne E-lag kan tilby breiband og samarbeidar med Lyse Tele  / Altibox og Haugaland Kraft om å levere desse tjenestene. Produkta har felles produktnamn og logo. Vi kan tilby interaktivt TV, lynraskt internett og rimeleg telefoni i ein og samme fiberkabel.

I motsetning til den tradisjonelle kobberkabelen, eller coaxkabelen kor kapasiteten ofte blir påvirka av naboens internettbruk eller tv-titting, får du med fiberkabel full kapasitet - ALLTID! Ein fiberkabel kan samanliknast med ein 8 felts motorveg med fri fartsgrense. Muligheitene er nærmast ubegrensa og gir tilgang til tenester med mest mogleg innhald, bruk av ny teknologi og internettlinjer med svært høg hastigheit.

Fibernett
Utbygging av fibernett er eit framtidig satsingsområde for oss og under stadig vurdering. Vi har gradvis lagt rør i grøfter med tanke på inntrekking av fiberkabel seinare. Som inntakskabel til bustadhus blir det lagt med rør for fiberkabel.

Vi har i dag ca. 400 kunder som har kobla seg opp til fibernettet og der Etne E-lag leverer tenestene frå Altibox. Lurer du på om du kan få breiband frå Altibox, ta kontakt med oss på tlf. 53 77 11 55.

Dersom du allereie har bestemt deg, last ned kontrakt og send han inn til oss på firmapost@etneelag.no, pr brev eller lever han sjølv på kontoret vårt på Nyvoll. Har du fast telefon som du ynskjer å overføre, IKKJE SEI OPP ABONNEMENTET hjå nåverande tilbyder. Flytting av telefon tek Altibox seg av.  Internett via ADSL eller ISDN line må seiast opp av kunden, men reserver epostadressen din om du ynskjer å nytte han vidare.